Gå til sidens hovedinnhold

Varslar styrtregn på Jæren: – Det blir ei ruskete helg

Finvêret har tatt seg ein pause. Fredag melder meteorologane styrtregn og sterk kuling.

(Jærbladet)

– Det kjem inn nokre ganske kraftige byger og me følgjer med på lynobservasjonane, opplyser Magnus Haukeland, statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt.

Lyn og torden på veg inn over Jæren

Meteorologen seier vidare at det er meir torden og lyn på veg inn over Jæren. Tidlegare var det verste vêret meldt lengre nord på Vestlandet, men fredag morgon vart farevarselet for styrtregn utvida til å også gjelda Rogaland.

– I tillegg vil det altså bli ei auke i vinden til søraustleg sterk kuling på føremiddagen fredag, før vinden dreier meir mot sør, og stiv kuling, seier Haukeland og legg til at vêret vil vera heftigast litt tidleg på fredagen.

Styrtregnet kan vera svært lokalt og det kan vera fare for overvann i tettbygde område.

Tørrare til veka

Resten av helga vil bli prega av bygevêr og vind og startar med ein liten kuling frå sørvest på laurdagen, medan vinden er venta å koma frå nordvest på sundag.

– Det kan bli regnyger resten av helga òg, og temperaturen vil gå noko ned. Det blir nok ei ruskete helg, seier meteorologen, men legg til at det likevel vil halda seg ganske mildt.

Over helga er temperaturen venta å søkka til rundt 15 grader.

– Er sommarvêret over for denne gong?

– Det er iallfall venta tørrare vêr frå mandag av, med temperaturar på rundt 15 grader, men lokalt kan det vera varmare, seier Haukeland.