– Fem unggutar har tatt seg inn i ei open dør og stole nokre boksar med energidrikk, seier operasjonsleiar Jøran Solheim i Sør-Vest politidistrikt.

Det var i 19-tida at politiet fekk melding om at ungdommar hadde kome seg inn i eit lager. Politiet rykka ut til Hanaveien for å undersøke, og har fått kontroll på situasjonen.

– Alle foreldra er informerte. Dei kjem for å hente gutane, så blir det opp til butikken om kva dei skal gjere vidare, seier Solheim.

Butikken må melde saka dersom politiet skal gjere noko meir, opplyser han.