(Jærbladet)

– Det er førebels ingen mistenkte i saka, seier politikontakt i Hå, Lars Risa Taksdal.

Politiet har fått fleire tips etter at det vart kjent at ein gjeng ungdommar på Varhaug hadde skote fyrverkeri mot både folk og bilar under nyttårsfeiringa i Varhaug sentrum.

Skaut mot personar

Ein video Jærbladet har fått tilgang til viser personar som held fyrverkeri i hendene og fyrer av mot ein politibil. Eitt av skota eksploderer under politibilen.

– Dette er skremmande og ubehageleg anten du er politi eller står der med familien din, seier Risa Taksdal og fortel at politiet hadde fleire telefonar frå privatpersonar som følte seg fanga i dette området og sleit med å koma seg vekk på grunn av måten ein stor gjeng ungdommar og unge vaksne skaut opp fyrverkeri.

– Fyrverkeriet vart skote mot personar og gjenstandar. Noko vart sendt langs bakken frå oppskytingsramper. Andre heldt det i hendene, seier Risa Taksdal.

Sjølv om han har sett og høyrt mykje om ulovleg oppskyting av fyrverkeri dei siste åra, er han overraska over oppførselen til denne gjengen på Varhaug nyttårsaftan.

– At det toppar seg sånn som dette, høyrer til det sjeldne. Dette er ungdommar og unge vaksne, men ein heil del av dei er under 18 år. Kor er foreldra? spør Taksdal.

Ønskjer ei haldningsendring

Politiet vil etterforska saka og er interesserte i fleire tips. I tillegg er Risa Taksdal oppteken av å gå grundigare inn i det han kallar eit fenomen i Hå, nemleg haldningane til fyrverkeri. Politiet har i fleire år prøvd å få til haldningsendringar, utan å lukkast.

– Me har ikkje vore gode nok og må halda fram med denne jobben. Me treng gode rollemodellar i Hå og særleg på Varhaug. Dei som driv på med dette må korrigerast, ikkje berre av politiet, men av folk i lokalsamfunnet. Det må bli sånn at det ikkje er kult å senda opp fyrverkeri ulovleg, seier politikontakten og passar på å poengtera at det ikkje berre var ungdom frå Hå på plass på Varhaug på nyttårsaftan.

– Her var ungdom frå fleire plassar samla, legg han til.

Forbodssone?

Politiet har allereie avtala eit møte med Hå kommune for å sjå på kva kommunen og politiet kan få til av tiltak i lag.

– Kanskje er det mogleg å få til ein forbodssone, slik ein har to plassar i Time kommune, i tilknyting til felles oppskyting av fyrverkeri. Me vil også sjå om det kan vera opningar i lovverket for å leggja avgrensingar i fyrverkerisalet, seier Risa Taksdal og legg til at dette er blant tiltaka politiet vil drøfta vidare med kommunen.

Politiet har også blitt kontakta av både privatpersonar og organisasjonar som ønskjer å vera med og dra lasset for å få til ei haldningsendring.

– Det er mange som ringjer og fortel at dei tykkjer det er flautt og pinleg å fortelja at dei er frå Varhaug og ønskjer å vera med på å gjera noko, seier Risa Taksdal.

– Viser ein totalt mangel på respekt

Hå-ordførar og varhaugbu Jonas Skrettingland ser alvorleg på situasjonen.

– Det er både farleg og ein uting, når ein skyt med fyrverkeri mot folk og bilar, og det blir ekstra alvorleg når ein skyt mot ein uniformert politibil. Det viser ein totalt manglande respekt for den øvrigheita politiet er. Det går rett og slett ikkje an, seier ordføraren og konkluderer med at her har Hå kommune ein jobb å gjera.

– Ulovleg bruk av fyrverkeri har vore ei vedvarande utfordring på Varhaug. Me må ta dette på alvor og kan ikkje ha nok eit år med oppskyting fram til sommaren, seier Skrettingland.

Vil ha tiltak raskt

Ordføraren opplyser vidare at kommunen vil stilla i møtet med politiet med både brannvesenet og SLT-koordinator, som er ei stilling som jobbar tett opp mot ungdomsmiljøa i kommunen

– Forbodssonar og avgrensingar i sal er vel og bra, men me kan ikkje venta til neste nyttår med å setja inn tiltak, seier Skrettingland vidare.

Kva tiltak ser du føre deg?

– Me vil drøfta konkrete tiltak med politiet og ikkje gå ut offentleg med det nå, men me må utan tvil arbeida med haldningar, både hjå ungdommar, men også hjå foreldregruppa, seier han.

Kva meiner du som varhaugbu og ordførar om at folk tykkjer det er flautt å vera frå Varhaug?

– Eg vil at folk skal vera stolte av plassen dei kjem frå. Det er mykje på Varhaug ein kan vera stolt over, men dette med fyrverkeri er ikkje ein av dei, svarar ordføraren.