Det melder Rogaland brann og redning IKS på Twitter.
Brannvesenet fekk først ei melding om ein røykvarslar som pip på Hundvåg, og er på veg ut til Austbøsvingene for å kontrollere.
Kort tid etter skriv dei på Twitter at dei er på veg ut til ein pipebrann i Åsenhaugen i Sola, og knapt ti minutt seinare måtte brannvesenet ut på endå eit oppdrag; denne gongen til Randaberg, der det er røykutvikling i ein båt.
Solabladet skriv at det ikkje skal vere noko dramatikk knytt til pipebrannen på Åsen. Visstnok har ein bebuar hatt for mykje papir i peisen sin.
Saka blir oppdatert.