(Jærbladet)

Resultatet blei at traktoren kolliderte med motorsykkelen, slik at føraren av motorsykkelen fekk fleire alvorlege brotskadar. Hendinga skjedde i mai 2020 ved Borestranda i Klepp.

Alvorlege brotskadar

Då traktorføraren skulle kryssa motgåande køyrebane for å koma ut på eit jorde, var han ikkje merksam på motorsykkelen som var i ferd med å gjennomføra ei forbikøyring. Det førte til at dei to køyretøya kolliderte. Motorsykkelføraren fekk fleire alvorlege brotskadar, blir det opplyst i dommen frå Sør-Rogaland tingrett.

No er mannen dømt til fengsel i 14 dagar. I tillegg må han betala 75.000 kroner i oppreising til motorsykkelføraren. Jærbuen må ikkje betala sakskostnadar.

Mannen frå Jæren sa seg ikkje skuldig etter tiltalen då saka blei behandla i retten. Det blei gitt forklaring frå tre vitne.

Skit og møkk på blinklysa

Mannen brukte traktor med gjødselhengar som på same måte som traktoren var tre meter brei. Han køyrde under fartsgrensa sidan traktoren ikkje kan gå i 60 kilometer i timen. Mannen merka ikkje noko til kollisjonen, og køyrde vidare til enden av teigen der han skulle gjødsla. På returen blei han merksam på at det hadde vore ei ulukke og stansa traktoren.

Traktorføraren blei først avhøyrt som vitne. Politiet på ulukkesstaden la merke til at blinklysa på gjødselvogna var dekte av skit og møkk. Då tiltalte skrudde på blinklysa, var det ikkje mogleg å sjå at dei var skrudde på.

Motorsykkelføraren var på sjukehuset i 18 dagar etter ulukka, og han var sengeliggande i to månadar før han kunne belasta foten igjen.

Aktor la ned påstand om at mannen skulle dømast til fengsel i 14 dagar, og at han skulle dømast til å betala sakskostnadar etter rettens skjønn. Bistandsadvokaten la ned påstand om at mannen skulle betala oppreising til motorsykkelføraren.

Ikkje avkøyrsel

I dommen blir det synt til at det er viktig å vera aktsam når ein kryssar motgåande køyrefelt. Særleg gjeld det når ein køyrer eit så stort køyretøy som det aktuelle, og i tillegg køyrer av på ein stad der det ikkje er avkøyrsel, heiter det vidare.

Dommen i Sør-Rogaland tingrett var samrøystes.

Retten blei administrert av Cecilie Haukalid. Advokat Kjell Holst Sæther var mannens forsvarar.