Det skal ha vore ei trafikkulukke ved Joker Gilja i Gjesdal kommune. Brannmannskap frå Gilja stasjon er på veg for å undersøke.

Politiet skriv kort tid seinare at det er ein trailer som har velta. Det er visstnok ikkje noko personskade som følgje av hendinga, men det er manuell trafikkdirigering på staden.

Klokka 16.13 opplyser politiet at brannmannskap er på staden, og at trafikken går greitt. Det er ukjend kva som årsaka til velten.

Politiet skal etterforske saka. Dei har ingen mistanke om køyring i påverka tilstand, skriv dei.

Saka blir oppdatert.