GJESDAL: Naudetatane er på veg til staden etter at dei fekk melding om eit trafikkuhell i rundkøyringa ved Kongeparken, der det skal vere snakk om personskade.

Mannskap frå brannstasjonen på Ålgård er òg på staden.

Klokka 19.10 melder politiet at éin av førarane er køyrt til legevakta, og at det er store skadar på ein av bilane. Den andre føraren skal ikkje vere skada.

Politiet meiner ulukka kom av brot på vikeplikta, og dei har tatt beslag i førarkortet til den eine føraren.