ØKONOMI: Vinterland blei ein stor suksess blant store og små i Sandnes i fjor. Lesarar i Nettavisen kåra Sandnes til Noregs beste juleby på bakgrunn av Vinterland, og det blir ein ny runde av det populære arrangementet frå 26. november til 18. desember i år.

Det er Sandnes Sentrum AS som arrangerer Vinterland gjennom selskapet Vinterland Sandnes AS. Aksjeselskapa la nyleg fram årsrekneskapane sine for 2021, og begge selskapa går med store overskott.

Sandnes Sentrum AS hadde ei rekordomsetning på 5.361.000 kroner medan årsresultatet kom på 1.416.000 kroner. Vinterland Sandnes AS hadde ei omsetning på 3.183.000 kroner og eit årsresultat på 825.000 kroner.

– Det er veldig kjekt at me gjekk så mykje i overskott. Det var uventa, seier dagleg leiar Edle Kathrine Strømland Torkelsen om Vinterland.

Treng støtte

Vinterland fekk inn større inntekter frå billettsal enn dei hadde budsjettert. Det gjorde at dei tente endå meir pengar enn dei hadde planlagt, og gir dei litt meir å rutte med til vinteren igjen.

Samstundes fekk Vinterland blant anna eit tilskott på 1,5 millionar kroner frå kommunen i forkant av førre arrangement. Vinterland er avhengige av støtte for 2022 òg.

– Me håper me får midlar i år, for me treng framleis ein del meir. Det må eit samarbeid til for å få til Vinterland. Me syns det er veldig kjekt at sponsorane frå i fjor er med, og me ligg godt an, seier Torkelsen.

Storleiken på støtta frå kommunen vil avgjere omfanget for Vinterland i år.

– Me ønskjer at me kan få utvide og gjere meir, men det vil økonomien vår styre. Håpet vårt er at det blir både pariserhjul og karusellar igjen, i alle fall at me ligg på same nivå som i fjor, så får me sjå kva meir me får til, avsluttar Torkelsen.