Skal du på sjukeheimsbesøk i Sandnes? Dette må du vite

Kommunen la fram oppdaterte retningslinjer.

DEL

I eit nytt skriv forklarar kommunen om kva retningslinjer som gjeld frå og med i dag for besøk på sjukeheimane i Sandnes.

Alle pårørande må kontakte avdelinga dei skal besøkje i forkant og lage avtale, slik at kommunen kan halde kontroll på kven som kjem. Det blir tilrettelagt for at ein kan utføre besøk utfor sjukeheimane for å sikre avstand. Regelen om éin meter gjeld framleis, men to meter er det optimale.

Her er dei gjeldande rutinane:

  • Utsett besøket dersom du har feber eller andre luftvegssymptom
  • Du må vere heilt smittefri i minst fem døgn før du kan kome på besøk
  • Er du i karantene (som nærkontakt eller reise) eller isolasjon kan du ikkje kome
  • Alle besøkjande må bruke munnbind. Desse må du sjølv ha med
  • Prøv å halde minst éin meter avstand
  • Besøkjande må vaske/sprite hender før og etter besøket. Sjukeheimen skal leggje til rette for at handsprit er tilgjengeleg
  • Det blir dokumentert kven som kjem på besøk for å hjelpe arbeidet med smittesporing

Kommunen opplyser at det kan bli nødvendig å avgrense besøk til dei med auke risiko for alvorleg sjukdom ved eventuelle lokale utbrot.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken