(Jærbladet)

– Ho kunne ikkje stå der i rundkøyringa, utan at det var søkt om det eller noko. No har me funne ein trygg plass, på privat grunn, fortel Kjetil Barane, kunstnaren bak den tre meter høge treskulpturen.

Han var sjølv med på flyttinga torsdag ettermiddag, i nært samarbeid med fagfolk frå Klepp Spesialtransport.

Og ferda gjekk ikkje så mange meter. Frå rundkøyringa ved Shell-en i Arne Garborgs veg til takterrassen på den tidlegare bensinstasjonen/verkstaden i krysset mellom Reevegen og Storgata – altså det avrunda, rosa huset som i dag husar thaibutikken og køyreskulen BMG.

Der skal statuen stå på ubestemt tid. Planen er at han skal auksjonerast bort til Ingar Kvia sitt arbeid for Haydom-sjukehuset i Tanzania.

– No kan folk få sjå statuen, og ta bilde. Og ikkje er det trafikkfarleg heller. Så dette blir veldig bra, slår Kjetil Barane fast overfor Jærbladet.

Det er Tore Sivertsen i Sivertsen AS som har bestilt kunstverket. Frå før har han ein skulptur av Arvid Mæland og ein av kongen, begge laga av treskjærar Kjetil Barane.

No har Arvid Mæland fått frie tøylar til å handtera Erling-statuen, og det var han som kom opp med ideen om ei spontan plassering av kunstverket i rundkøyringa ved Shell-en - ein av dei mest synelge plassane som finst på Bryne.

At dette blei gjort umiddelbart - ifølgje Mæland sjølv 30 minutt etter at dei kom på ideen - utan at det var søkt på førehand, fall ikkje i god jord hos vegeigaren - Rogaland fylkeskommune. No er altså statuen flytta trygt inn på privat grunn, men likevel veldig godt synleg i Bryne sentrum.