Det melder Stavanger Aftenblad på torsdag. Dei skriv at det var leik med eld som skal ha vore årsaka til branntilløpet.

I utgangspunktet var guten sikta for grovt skadeverk, som har ei strafferamme på bøter og fengsel opptil seks år. I dag har guten erkjent straffskuld for grovt aktlaust grovt skadeverk. Dette har ei strafferamme på bøter og fengsel inntil eitt år.

Den første siktinga inneber at det er gjort med vilje, noko guten nektar for.

– Eg har drøfta skuldspørsmålet med sikta, og me har konkludert med at det er rett å erkjenne straffskuld for grovt aktlaust grovt skadeverk, seier forsvarar Espen Breivik til Sandnesposten.

Breivik ønskjer ikkje å gå i detaljar om forklaringa til den sikta.

Anne Hølland i Sekse & Co er forsvarar for den sikta jenta. Hølland hadde ikkje fått informasjon frå politiet om siste nytt i saka, og kan difor ikkje kommentere om jenta vil erkjenne straffskuld for den same paragrafen.

– Eg reknar med at politiet tar kontakt ganske snart, seier Hølland til Sandnesposten.