BRANN: Advokatfullmektig Espen Breivik ved Advokatene Borgersen, Steinsvåg & Sæther er forsvarar for den sikta guten. Breivik ønskjer ikkje å kommentere detaljar som kva kommune dei sikta kjem frå, eller kva som førte fram til brannen, men han fortel at guten har erkjent forholda.
Den sikta nektar derimot straffskuld for grovt skadeverk.
– Klienten min har erkjent at han var ansvarleg for brannen, men det var ikkje meininga at dette skulle skje. Han har det tungt, seier Breivik til Sandnesposten.
Strafferamma for grovt skadeverk er bøter og inntil seks år i fengsel, men Breivik vil ikkje seie noko om kva klienten hans risikerer. Sjølv om dei to sikta er under 18, er dei over den kriminelle lågalderen.
Den sikta jenta nektar straffskuld.
Tenåring erkjenner ansvar for brann i Sandnes

To personer siktet for brannen på Dale
Dette gikk tapt i Dale-brannen – se skadene på stedet
