Magnus (34) får betre tid til familien med ein ferjefri kvardag

Suldølen Magnus Stokka flytta frå Stavanger til Jørpeland i oktober for fire år sidan. Ferje- og båttidene har ikkje alltid vore like foreinlege med turnusen som NRK-journalist, og nå gler han seg stort til å ikkje vera avhengig av desse lenger.