Sør-Vest politidistrikt skriv på Twitter at brannvesenet og ambulanse har rykka ut til Christian IVs gate i Stavanger. Det skal vere snakk om røykutvikling i gata.

Politiet er på veg, men brannvesenet skal ha kontroll på staden.

Politiet skriv i ei oppdatering at det var snakk om tørrkoking. Det skal ikkje vere skade på huset, men ein person har fått i seg noko røyk.