Politiet avslutta russefest på Borestranda

RUSSEFEST: Russen samla seg ved Borestranda natt til laurdag. Sju bussar stod parkerte på parkeringsplassen.

RUSSEFEST: Russen samla seg ved Borestranda natt til laurdag. Sju bussar stod parkerte på parkeringsplassen. Foto:

Sju russebussar og full fest ved Borestranda natt til laurdag.

DEL

(Jærbladet) Etter meldingar om høg musikk og full fest, rykka politiet ut til Borestranda i Klepp rundt 00.30 natt til laurdag.

- Sju, store bussar og mange folk var på parkeringsplassa ved stranda, opplyser operasjonsleiar i politiet, Helene Strand.

Politiet løyste opp festen og sende både russ og bussar vekk.

– Det heile gjekk i likaste laget, konkluderer Strand.

Også natt til fredag måtte politiet rykka ut og senda vekk festande russ, då frå området ved Melsvatnet.

Artikkeltags