(Sogn Avis)

Sogndal leia 1-0 i måndagens kamp då det blei ekle scener ute på Fosshaugane-matta.

Emil Palsson gjekk plutseleg i bakken med eit illebefinnande. Både helse- og ambulansepersonell blei tilkalla, det såg ut til å bli utført livbergande tiltak, og domaren sende spelarane i garderoben.

Palsson blei skjerma av lokalt Raude Kors og anna helsepersonell, og etter kvart fekk publikum beskjed om å forlata tribunen og gå inn i stadionbygget.

- Kom igjen, Emil Palsson, dette klarar du, skriv Lars Bohinen på Twitter. Han var trenaren til Palsson i Sarpsborg 08 fram til han blei lånt ut til Sogndal i sommar.

- Vellukka gjenoppliva

Klokka 18.25 fekk Sogn Avis melding om at det er tilkalla luftambulanse. Fem minutt seinare blei Palsson frakta ut av stadion og inn i ambulanse. Han skal ha vore medviten då dette skjedde.

Klokka 18.41 blei det opplyst at kampen er avlyst, og vil bli sett opp ved eit seinare høve.

Klokka 18.57 landa luftambulansen ved jakt og fiskehytta i Sogndal. Luftambulansen vart ståande på bakken til klokka 19.35, før det tok av i retning Bergen og Haukeland sykehus.

Klokka 19.50 oppdaterte Sogndal Fotball med følgjande på sine nettsider:

- Midtbanespelar Emil Palsson fekk hjartestans i det 12. speleminutt. Palsson blei vellukka gjenoppliva, og deretter flogen til Haukeland sjukehus for vidare utredning og behandling.

Skjedd før

Dette er diverre ikkje første gong dette har skjedd på Fosshaugane Campus.

I 2011 kollapsa Brann-spelar Carl-Erik Torp på same stad, og måtte leggja opp. I sommar skjedde det same med Danmark-stjerna Christian Eriksen under fotball-EM.

Inter-spelaren har førebels ikkje returnert til fotballbana.

Massiv støtte

Palsson får støtte frå mange fleire enn Bohinen på Twitter etter hendinga, mellom dei nemnde Torp.