Det var i januar og februar i fjor at ein mann i 50-åra stal øl og røyk på to ulike butikkar i Strand kommune.
I januar blei mannen tatt på fersk gjerning av ein butikktilsett då han prøvde å stele øl. Mannen tok fram ein kniv for å true den tilsette til å ikkje følge etter han.
På den andre butikken, i februar, hadde mannen tatt på seg gorillamaske for å skjule identiteten sin. Han var nemleg utestengd frå butikken på grunn av tidlegare tjuveri.
Mannen hadde ein kniv i høgre hand.
– Dette er eit ran, sa mannen då han kom inn i butikken.
Frykta for livet
I dommen frå Sør-Rogaland tingrett heiter det at mannen skal ha uttalt at han var farleg. Han måtte få noko øl, sa han.
Det var to butikktilsette på staden, og begge kjende igjen mannen sin stemme.
Ein av dei tilsette gjekk for å hente ein billig sekspakning medan mannen sperra utgangen for den andre. Kniven heldt han klar ved hofta. Den tilsette har sagt i retten at vedkomande frykta for livet sitt der og då.
Sekspakningen med øl blei lagt i ein pose. Den dømte mannen sa han ville ha to pakkar med røyk òg. Det fekk han.
Mannen rømte deretter frå butikken og gjekk i gang med å drikke ølet. Ein halvtime seinare hadde politiets hundepatrulje spora mannen opp. Då skal mannen ha hatt ein promille på 2,66. Tre av dei seks halvlitarane var tomme.
Erstatning
Den dømte mannen soner for tida ein annan fengselsstraff, og ranet på dei to butikkane blir hans tredje straff.
Sør-Rogaland tingrett har dømt mannen til eitt års fengsel. Mannen må òg betale erstatning til to av dei butikktilsette; 30.000 til den eine, 25.000 til den andre.
Staten har konfiskert gorillamaska, ein kniv og eit multiverktøy.