– Nå opnar me opp, men om smittevernråda ikkje blir følgde, må me stramma inn igjen

– FØLGJ RÅDA: Helse- og omsorgsminister Bent Høie oppmoda folk om å framleis følgja råda for å unngå koronasmitte under tysdagens pressekonferanse.

– FØLGJ RÅDA: Helse- og omsorgsminister Bent Høie oppmoda folk om å framleis følgja råda for å unngå koronasmitte under tysdagens pressekonferanse. Foto:

Både statsrådane og helsedirektørane var under den første pressekonferansen etter påska tysdag ettermiddag nøye med å peika på at sjølv om samfunnet nå blir gradvis opna, må folket framleis følgja råda for å unngå smitte.

DEL

(Strandbuen) Justis- og beredskapsminister Monica Mæland opna pressekonferansen med å fortelja om at politiet har måtta stoppa fleire festar i påska.

– Eg forstår at folk er utolmodige med å få vera sosiale, men det er heilt nødvendig at folk fortset dugnaden med å følgja smittevernreglane, uttalte Mæland.

Ho fortalde vidare at politiet vil delvis opna nokre av tenestene sine i løpet av dei kommande vekene. Dette gjeld blant anna melding av alvorleg kriminalitet, utsteding av pass og utlendingssaker.

– Me oppmodar likevel dei som kan nytta tenestene via nettet om å gjera det i staden for å møta opp fysisk, peika justis- og beredskapsministeren på.

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland og helse- og omsorgsminister Bent Høie stiller. Helsedirektør Bjørn Guldvog og avdelingsdirektør ved Folkehelseinstituttet, Line Vold, vil også være til stede.

Takka helsepersonell

Helse- og omsorgsminister Bent Høie starta med å takka helsepersonalet som har vore på jobb i påska. Han sa også at han har forståing for at folk håper at ting snart skal bli som før.

– Men eg må understreka at det er lenge til alt blir som før, derfor må me halda fram med den felles innsatsen for å avgrensa smitta, slo Høie fast.

Han viste også til at den kontrollen Norge nå har fått på koronasmitten lett kan bli mista igjen om ikkje folk fortset dugnaden ved å blant anna unngå unødvendige reiser, vaska hender, vera heime når ein er sjuk, hosta i olbogen eller i papirlommetørkle og så bortetter.

– Viss me ikkje lukkast, må me stramma inn igjen, sa helse- og omsorgsministeren.

Fleire vil bli testa

Direktør ved Folkehelseinstituttet, Bjørn Guldvog, fortalde at testkapasiteten i Norge vil auka dei kommande vekene takka vera innsats frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og St. Olavs hospital i Trondheim.

Avdelingsdirektør ved Folkehelseinstituttet, Line Vold, kunne fortelja at det per i dag er 6566 tilfelle av koronasmitte i Norge. Det siste døgnet har det vore 78 nye tilfelle.

– Gjennomsnittsalderen for dei smitta er 47 år og fordelinga er lik mellom kvinner og menn. Det har vore 127 dødsfall knytt til korona. Her er gjennomsnittsalderen 84 år, fortalde Vold.

73 koronasmitta er framleis innlagde på intensiven og 53 av desse ligg i respirator. Smittesporingsapplikasjonen Smittestopp skulle eigentleg ah blitt lansert i dag, men denne lanseringa er litt forseinka, informerte Line Vold.

Ho viste også til at barn ikkje er i risikogruppa for å få alvorleg sjukdom som følgje av Covid-19.

Artikkeltags