Politiet skriv på Twitter at dei fekk tips laurdag morgon om ein «utagerande mann» i ein butikk på Varatun.
Mannen skal ha vore truande mot dei butikktilsette.
– Patrulje blei send til staden og mannen blei bortvist i 24 timar. Uvisst kvifor kan oppførte seg som han gjorde, skriv politiet.
Ei stund seinare skriv politiet på Twitter at mannen hadde kome tilbake til butikken. Han hadde visstnok gløymt noko, men enda med å bli meld til politiet for å ha brote pålegget om bortvising.