(Strandbuen)

– Eg har alltid lese veldig mykje, og lærarane mine hugsar meg nok som ei som alltid sat ute og las saman med vennene mine. Så draumen begynte i ei leselyst og ei interesse for å oppdage andre verder gjennom litteratur. Eg blei etter kvart nysgjerrig på om eg òg kunne gjere noko sånt, lage mitt eige univers og mi eiga historie, og eg har eigentleg alltid skrive. Då eg var liten pleidde eg for eksempel å skrive påskekrim til familien, fortel Ingebrigtsen.

Ei av desse lærarane som såg ho lese ute i friminutta vil kanskje òg finne litt av seg sjølv i boka.

– Eg hadde ein lærar på ungdomsskulen som sa ho gleda seg til å lese den første boka mi. Eg har ikkje sendt ho boka endå, så ho har ikkje fått lese den. Men hovudpersonen har fått same namn som ho, seier den unge forfattaren.

Liva Ingebrigtsen om Familien Springebrigtsen Lager Sirkus

– Det er ein humoristisk, skjønnlitterær barnebok som handlar om ein familie med ein mamma, ein pappa og ein diger flokk ungar. Så er det ei dotter oppi dette, Klara, som skal finne seg sjølv litt i denne historia. Der får ho hjelp av bestefaren, som flyttar inn og skiljar seg litt ut frå resten av familien. Då ser Klara moglegheita til å vere seg sjølv litt meir lik, dei finn på masse tull saman, og i hennar søken etter seg sjølv så blir det litt sirkus og kaos.

Alltid kreativ

Ingebrigtsen bur no i Sandnes saman med ektemannen og deira to barn, og desse to barna er ein stor del av grunnen til at det blei barnebok då draumen først skulle oppfyllast.

– Det har jo litt med livssituasjonen min å gjere, eg må dikte mykje for barna mine og no fekk eg gjere det til eit litt større prosjekt. I tillegg opnar det for at eg kunne illustrere, og det hadde eg veldig lyst til. Eg har alltid tenkt at om eg skal lage ei barnebok vil eg illustrere den sjølv, for då er heile produktet mitt, og heile boka er sånn som eg såg for meg inne i hovudet då eg tenkte ut og skreiv historia, forklarar ho.

For det er altså ikkje berre skriving Ingebrigtsen har drive med heile livet sitt. Ho fortel at alt kreativt har vore ei glede for ho heilt sidan ho var lita.

– Skriving, teikning, måling, sying ... Eg synest alt som lét meg vere kreativ var gøy som lita, så dette prosjektet har latt meg gjere fleire av tinga eg alltid har likt. Og så let eg meg inspirere av tinga eg likte som lita i den kreative prosessen no òg, seier Ingebrigtsen.

Mykje inspirasjon

Ingebrigtsen fortel at ho har lete seg inspirere av bøkene ho likte då ho var lita, og at det var naturleg ettersom boka er retta mot barn i tidleg skulealder.

– Eg elska bøkene til Roald Dahl då eg var lita, og det skal vere litt av den humoren, den absurditeten ein finn i bøkene hans. Samtidig har eg prøvd å gjere det litt gøy for dei vaksne som skal lese desse bøkene forhåpentlegvis om og om igjen for barna. Eg har lese den for mine barn, og både dei og eg synest sjølvsagt det er ei kjekk bok, fortel debutforfattaren.

Det er ikkje berre i det skrivne ord Ingebrigtsen har lete seg inspirere av bøkene ho las som lita. Også illustrasjonane ber preg av det.

– Eg såg både til Roald Dahl og til Thorbjørn Egner då eg illustrerte, eg ville ha den litt nostalgiske streken fordi eg synest den er koselegare og har litt meir personlegdom. Eg brukte mykje tid på å sjå korleis dei hadde uttrykka seg i bileta, og prøvde å bevare den litt tradisjonelle måten å gjere ting på, seier Ingebrigtsen.

Bildeserie

Liva og Henrik kosa seg i sommarsola på Jørpeland. Det var dei ikkje aleine om

Beheld som minne

Illustreringa har ho gjort i vassmåling på vanlege målarark, og ho sit no igjen med originalane til det som er hennar første barnebok.

– Eg kjem til å ta vare på dei, for det eg veldig kjekt å ha til seinare. Så får eg sjå etter kvart om eg gjer noko meir med dei eller om eg berre beheld dei som minne. No ser eg mest fram til å få den fysiske boka i handa, og sjå korleis alle teikningar og sånn blir når den er trykka saman med tekst. Det er utruleg spennande. Den skal snart trykkast, fortel ho.

Sjølv om ho no gir ut barnebok betyr ikkje det at Ingebrigtsen vil avgrense seg til barnebøker resten av livet. Ho har òg eit mål om å gi ut ein roman for vaksne eller unge vaksne ein gong.

Eg elska bøkene til Roald Dahl då eg var liten, og det skal vere litt av den humoren, den absurditeten ein finn i bøkene hans

Liva Ingebrigtsen

– Mine favorittforfattarar er Ken Follett og J.R.R. Tolkien, det er dei eg les mest av. Eg skulle gjerne gått i Tolkien si retning ein gong, men det trur eg kan bli veldig utfordrande. Og eg har blitt påverka av Follett i kva eg har vald av studium og sånne ting. Eg er nesten ferdig utdanna lektor med fokus på engelsk og historie, og historiedelen kjem litt av at eg likar den måten Follett brukar ekte historie i fiksjonen sin, seier ho.

Sjølv om ho snart er ferdig utdanna lektor blir det nok ei stund til ho eventuelt jobbar med det, fortel ho.

– Eg har andre prosjekt gåande no, som eg vil satse på. Så har eg lektor som ein tryggleik i botn i framtida. No i første omgang håpar eg at det er nok interesse for «Familien Springebrigtsen»til at eg kan skrive bok nummer to i serien. For det er framleis nokre sprell familien kan finne på, avsluttar Ingebrigtsen.

Les også

Maren Hodne (39) har debutert som barnebokforfattar : – Historia kom på sengekanten til dottera min