(Strandbuen)

– Usjenert strandeigedom med nydeleg utsikt, gode solforhold, brygge, naust og stor tomt med idylliske omgjevnader, står det i salsannonsen for Kvalvåg-hytta på Finn.

Det trigga mange.

– Det har vore ei vanvitig interesse for hytta, som blei lagt ut for to veker sidan. Det har gått med ein del timar i telefon på grunn av den, fortel eigedomsmeklar Marion Espedal hos Aktiv.

Ho fortel at eigedommen hadde 50 interessentar.

– Den tidlegare eigaren kjøpte hytta for 3,7 millionar i 2015, og han har ikkje gjort noko anna enn å skoga på eigedommen, begynner Espedal.

– Hytta har enkel standard, det er blant anna ikkje avløp. Det viser kor stor interesse det er for sjøeigedommar, held ho fram.

Les også

Linn og Åmund fann draumehytta på tredje forsøk

Meklaren visste at det var stor interesse for ei slik sjønær tomt, men hadde ikkje forventa at den skulle gå for ein sum så pass mykje over prisantyding.

– Det er tydeleg at eiga strandlinje og brygge får folk til å opna lommeboka. Eigedommen ligg også fritt og skjerma, peikar Espedal på.

Det var bare ein lokal bodgjevar med i bodrunden. Dei andre bodgjevarane kom frå Nord-Jæren.