HANA: Rogaland brann og redning IKS skriv på Twitter at Stangeland stasjon har rykka ut med mannskapet sitt. Visstnok har ein personbil køyrt på sjøen.

Det skal ikkje vere folk i bilen.

Vaktleiar Svein Nesse i Rogaland brann og redning fortel til Sandnesposten at dei er på staden og ventar på hjelp frå politiet.

– Det er ein bil som har vore uheldig. Han skulle rygge, men både bil, båt og hengar hamna på sjøen. Det var ingen god laurdag for han. Me er her til politiet kjem, så får dei bestille berging. Det er ikkje så mykje meir for oss å gjere, seier Nesse.

Den uheldige båteigaren fekk hjelp av både politiet, brannvesenet, bergingsbil og andre på staden. Bilen blei frakta vekk av Viking kort tid etter uhellet.

Naudetatane drog frå staden rundt klokka 16.30.