– Fire sekkar med klede er det einaste eg har igjen av livet eg brukte 39 år på å byggje, seier Mazhar Jan Shams, ein tidlegare kamptolk for NATO og det norske forsvarsdepartementet.

Shams har jobba for Noreg i Afghanistan heilt sidan 2002, og i sommar fekk han den tunge beskjeden om at NATO og Noreg kom til å trekkje seg heilt ut av landet innan kort tid.

– Den første gongen eg fekk høyre om dette, gjennom nokre kollegaer, var ei veke før me drog. Eg var ikkje klar. Eg kunne ikkje ein gong tru at det var sant. Me var i sjokk, seier han.

Gode råd blei dyre. Taliban var i ferd med å nærme seg hovudstaden, og Shams måtte tenkje på familien sin. Kva viss dei blei tatt? Han hadde jobba for fienden, for NATO. Dei kunne vere prioriterte mål for Taliban.

– Me måtte dra frå alt.

Fryktar for familien

Det gjekk fort. Shams fekk hjelp frå norske myndigheiter og sikra reisedokument for seg sjølv, kona og dei fire døtrene sine. Og etter kvart mor til Shams og ein av brørne hans.

På berre nokre dagar hadde heile røynda deira blitt snudd på hovudet. Ingen hadde forventa at Taliban skulle avansere så kjapt som dei gjorde.

– Det var ikkje tid til å forklare alt for dei andre. Eg sa; viss de er glade i meg, så må de bli med. Viss ikkje vil me måtte ta konsekvensane, hugsar Shams.

Dei fekk aldri tak i reisedokument til den andre broren til Shams, som måtte bli igjen i Kabul saman med sin eigen familie.

I dag er broren sin familie gått i skjul i frykt for at Taliban skal ta dei. Shams fortel at alle veit at broren og familien er i slekt med ein tidlegare kamptolk, og er redd for kva som kan skje.

No kjempar Shams gjennom det norske byråkratiet for å få familien til ein trygg stad, om det så er i Noreg eller eit anna land.

La igjen del av sjela si

I april i fjor annonserte Joe Biden, presidenten i USA, at landet ville trekkje ut alle troppane sine frå Afghanistan innan 9. september. Den 20 år lange krigen skulle rundast av.

Det kom som eit sjokk for mange. Men planen om tilbaketrekkinga gjekk ikkje slik NATO og USA hadde håpa.

15. august storma Taliban det afghanske parlamentet. Dei tok enkelt kontroll over hovudstaden Kabul, og tusenvis av afghanarar flykta til Hamid Karzai internasjonale lufthavn i frykt for represaliar frå Taliban.

Godt over 120.000 menneske blei evakuert frå flyplassen, der 860 afghanarar fekk kome til Noreg.

Shams såg hendinga frå fjernsynet saman med familien i stova i Sandnes.

– Me gret. Det har vore ei enorm påkjenning å sjå kva som har skjedd med landet vårt. Eg merkar heile prosessen har gått utover den mentale helsa mi, og eg har hatt jamlege besøk hos psykolog, seier Shams, som framleis er avhengig av medisinar for å sove.

Nokre dagar etter 15. august var Shams med den eine dottera si på skulen. Læraren bad dottera peike ut flagget til landet dei kom frå.

Dottera retta fingeren mot det afghanske flagget, og sa «det var dette, fram til tre dagar sidan. Så kollapsa regjeringa vår».

– Eg fekk tårer i augo der og då. For ho har jo rett. Det er ikkje flagget vårt lenger, seier Shams.

– Me la igjen ein del av sjela vår i Afghanistan. Men det betyr mykje for oss at me er trygge. Me er så takksame. Eg jobba mykje med å hjelpe familien til å forstå at me skal få eit velståande liv igjen, men at det vil ta tid.

Mange i same situasjon

Mange av dei nesten 1000 afghanske flyktningane er i same situasjon som Shams. Dei har familiemedlem som framleis er i landet, no under Taliban sin kontroll.

I slutten av november melde Human Rights Watch at meir enn 100 tidlegare medlem av den afghanske tryggleiksstyrka hadde forsvunne eller blitt drepe av Taliban. Det har auka frykta om at slektningar av NATO-tilsette skal oppleve same skjebne.

Shams har ikkje kunne kontakte broren like ofte i det siste, då Taliban har auka presset på overvaking av sosiale medium. Det blir sett opp sjekkpunkt rundt byane, gjennomført razzia om nettene og fridomen til kvinner blir stadig meir avgrensa.

Shams har jobba frå første dag for å sikre tryggleiken til broren og familien.

– Me afghanarar er veldig fokuserte på familie, og me budde alle saman i same bustad. Då eg kom til Noreg klarte me å skape ei fagforeining av tidlegare NATO-tilsette, fortel han.

Så langt har foreininga vore i kontakt med rundt 50 afghanske NATO-tilsette, alle saman med familiemedlem som er etterlatne – som kan vere mål for Taliban.

Demonstrerte

Det bur rundt 80 kamptolkar frå Afghanistan i Noreg i dag. I august og september hadde dei ei rekkje møte med forsvarssjef Eirik Kristoffersen om saka, og i januar gjennomførte dei demonstrasjonar framfor Stortinget og Forsvarsdepartementet.

Dei treng hjelp for å redde liva til familiemedlemmene dei er så glade i.

– Me håpar me får konkrete tilbakemeldingar frå Forsvarsdepartementet, seier han.

Det har dei førebels ikkje gjort.

Det stod ikkje noko om tryggleiken til familiane i kontrakten med NATO, men Shams meiner det er moralsk plikt for dei norske myndigheitene å sikre at bror hans og andre i same situasjon blir trygge frå Taliban.

– Ingen av oss visste konsekvensane av det som skjedde. Eg hadde aldri tenkt at historia skulle gjenta seg. At Taliban skulle ta over. Me forventar at dei norske myndigheitene tar dette ansvaret. Det er noko dei andre allierte landa har gjort, seier han.

Han veit at norske myndigheiter jobbar for han, men han syns det tar altfor lang tid. Liv står på spel, meiner Shams.

– Eg og dei andre var lojale overfor NATO og Noreg i 20 år – og det når liva våre var i fare. No forventar eg at dei er det mot oss.

Førebels har UDI opna for at afghanarar kan søke om familiegjenforeining frå Noreg, men det er ingen ekstraordinær ordning for kamptolkar.

Draumen er knust

Familien var del av det øvre sjiktet av middelklassen i Kabul, og hadde det godt. No trur Shams at landet deira er tapt for godt. Venene deira, slekta, heimen. Dei kjem ikkje til å sjå det igjen.

Ting han var glad i, som bilane, sportsmotorsykkelen.

– Draumen var å byggje opp eit land der folk kunne leve gode liv, men no ser me at det ikkje er noko framtid for oss i Afghanistan.

– Då me drog, hadde me framleis eit håp om at me kunne kome tilbake. Det har me ikkje no lenger, seier Fereshta Shams (36), kona til Mazhar.

Fereshta sin familie, søskena og foreldra hennar, har heller ikkje kunne vere med. Dei var ofte saman med borna til Mazhar dei gongane han var ute på oppdrag, og Shams-familien trur dei òg risikerer å bli tatt av Taliban.

Slekta heime i Afghanistan slit ikkje berre med tryggleiken, men òg med aukande fattigdom.

– Brørne mine mista jobben etter kuppet, og har ikkje noko inntekt. Tryggleikssituasjonen blir berre verre. Taliban har ikkje full kontroll, og det er mykje kriminalitet. Folket vår lid, seier Fereshta Shams.

Eit nytt liv

Mazhar Shams meiner likevel han og familien har vore heldige. Dei kom seg unna før august, og slapp dei dramatiske dagane då Taliban tok over.

– Eg trur familien min vil ha ei betre framtid her. Døtrene mine har heile livet sitt framfor seg. For meg er det litt meir utfordrande.

Sjølv er han utdanna ingeniør i heimlandet, men fekk ikkje med seg dokumentasjon på utdanninga i kaoset før dei drog. Det betyr at han må ta både vidaregåande og universitetsutdanninga på nytt.

– Det er ingen formell måte å få tak i dokumenta på no som regjeringa har kollapsa. For meg er det greitt å ta meir utdanning, men det tar tid.

– Det vil ta meg seks år å få same graden igjen. Å ta den utdanninga som 39-åring med fire døtrer … Det er ei hindring for meg. Eg får gåsehud kvar gong eg tenkjer på det, seier han.

Shams har òg måtte ta førarkortet heilt på nytt, trass i at han har køyrt i 20 år.

– Eg forstår at det er visse skilnadar, men om det hadde vore nokre kortare kurs, hadde det vore flott. Per dags dato har eg ikkje funne nokon måte å redusere tidsløpet på utdanninga på. Det verkar som litt bortkasta tid, seier han.

– Viss det berre var ein måte eg kunne bruke det eg hadde lært på. Det å starte heilt på nytt …, seier han og ler. – Det verkar litt meiningslaust.

Han er likevel sikker på at han kjem til å finne ein jobb som passar bakgrunnen hans.

Kjempar for familien

– No bur me i eit eige hus. Mor mi og bror min i første etasje, og eg, kona og døtrene i resten av huset. Me er lukkelege her. Det kjenst som om me er heime, på eit vis.

Shams og familien har fått opphaldsløyve, og har starta prosessen med å lære seg norsk og integrere seg i det norske samfunnet.

Det har ikkje vore enkelt.

– Dei første dagane klarte me ikkje å konsentrere oss i timane, nokon av oss. Tankane var heilt andre stadar. På familien vår, landet vårt. Men eg har måtte halde hovudet klart for dei andre, og vere sterk, seier Shams.

Han skildrar møtet med eit nytt land som ein heilt ny start.

– Det er som om du er nyfødd igjen, på eit vis. Du må byrje på nytt.

I det siste har dei blitt inkludert i eit sosialt program i regi av Flyktningenheten i Sandnes kommune. Der har dei fått ein vennefamilie som dei kan besøke og invitere. Slik skal dei få praktisere språket og kome seg tettare på kulturen.

Ingen vedtak enno

Shams og foreininga med kamptolkar har spurd norske myndigheiter om å setje av kvoteflyktningplassar for familiane deira, både til sine eigne og svigerfamiliane.

– Familiane til konene våre var involvert i arbeidet på sitt vis. Då eg var på jobb, var gjerne svigerbror min med kona mi for å hjelpe til med handling eller borna, seier Shams.

– Landet vårt er kontrollert av ein terrororganisasjon. Slik sett bør alle afghanarar ha rett til å dra ein annan stad, men det er visse grupper som er meir sårbare enn andre. Eg er veldig, veldig takksam for at me fekk med oss mor mi og bror min hit, men livet til den andre bror min står på spel. Om Noreg kan hjelpe med å hente dei hit, eller berre få dei til eit trygt, anna land, vil det bety utruleg mykje, seier han.

Etter demonstrasjonen i Oslo førre veke, har Forsvarsdepartementet vore i dialog med Justis- og beredskapsdepartementet om kva dei kan gjere. Førebels har dei ikkje uttalt seg i media om kva samtalane går ut på.

Justis- og beredskapsdepartementet skriv i ein e-post til Sandnesposten at dei ikkje kan seie når eller om eit eventuelt vedtak om ei spesialordning for kamptolkane blir gjennomført.

– Store delar av befolkninga i Afghanistan finn seg i ein krevjande situasjon. Noreg har tatt imot alle som var lokalt tilsette for Forsvaret og ambassaden på tidspunktet for avviklinga av Resolute Support Mission i Afghanistan og har no ingen lokalt tilsette i landet. Alle dei tidlegare lokalt tilsette har fått ha med seg kjernefamilien sin, altså ektefelle og barn. Det å eventuelt etablere ei spesialordning for utvida tilgjenge til familiegjenforeining for éi spesifikk gruppe er komplekst og krev grundige vurderingar, skriv statssekretær Astrid Bergmål (Ap) i e-posten.

Raudt krev tiltak

Forsvarsdepartementet vil ikkje kommentere spesifikke spørsmål knytt til det Shams fortel. Dei kjem berre med eit kort utsegn.

– Me har etablering av ein eventuell ny søknadsbasert ordning for tidlegare tilsette av norske myndigheiter i Afghanistan til vurdering i Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet, skriv seniorrådgjevar Asgeir Spange Brekke i Forsvarsdepartementet.

Fredag blei det stadfesta at Taliban kjem til Noreg neste veke for å forhandle med både diplomatar og aktivistar.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes ønskjer i den samanhengen at Noreg skal fremje eit krav om at kamptolkane skal hentast hit.

– Det er ei skam for Noreg at våre myndigheiter har svikta afghanarar som har jobba for det norske forsvaret og den norske staten. Direkte forhandlingar med Taliban er ei gyllen moglegheit for å finne ei løysing og få desse menneska i tryggleik, sa Moxnes til VG på fredag.