(Strandbuen)

– Interessa for eigedommen har vore fantastisk god. Me visste på førehand at det ville vera mykje interesse for ein slik eigedom med den arkitekturen og plasseringa, seier eigedomsmeklar hos Proaktiv, Ordin Fikstvedt.

Eigedommen, på like over 1,1 mål med hytta med eit bruttoareal på 203 kvadratmeter, ligg i fremste rekke mot sjøen i eit hyttefelt. Eigedommen blei lagt for sal førre onsdag.

15.733 gonger har folk vore inne på Finn-annonsen på fem dagar. Rundt 12.000 av desse er ifølgje meklaren unike brukarar.

Blei seld etter fem dagar

– Det er også mange som har bestilt prospektet. Totalt var det bare tre interessentar som var fysisk på vising, men det var fordi den blei seld så kjapt at ikkje fleire rakk det, meiner Fikstvedt.

Han peikar på at hytta har ein unik arkitektur og at uteområdet er veldig fint opparbeidd.

– Dei som har kjøpt denne hytta har kjøpt seg eit eldorado av ein eigedom. Eg har sett mange fritidseigedommar, men eg trur aldri eg har sett ei så fin hytte nokon gong, slår Proaktiv-meklaren fast.

Han har fått reaksjonar på at folk meiner prisantydinga på 10 millionar kroner var sett for høgt.

– Unik og solrik

– Mange meinte me hadde skote over mål med prisen sidan hytta ikkje har eiga strandlinje, brygge og naust, men eg var overbevist om at denne eigedommen var verdt det, seier Ordin Fikstvedt.

– Det er tilgang til sjøen i eit fellesanlegg i feltet. Denne hytta er så sinnssjukt fin og absolutt ikkje kvardagskost på marknaden. Den er som ein einebustad over tre plan, held han fram.

Han viser til at det er plass til heile storfamilien i hytta.

– Her kan dei feriera på ein eigedom med mykje sol og utsikt mot Stavanger. Det er også eit nydeleg opparbeidd uteområde, peikar meklaren på.