Her rigger dei Sandnes' nye korona-legevakt i Klepp

LUFTVEGSLEGEVAKT: Den nye luftvegslegevakta på Kleppe skal undersøka og testa personar med luftvegssymptom som treng legehjelp. Telta er allerede satt opp

LUFTVEGSLEGEVAKT: Den nye luftvegslegevakta på Kleppe skal undersøka og testa personar med luftvegssymptom som treng legehjelp. Telta er allerede satt opp Foto:

Luftvegslegevakta opnar måndag 16. mars klokka 08.00.

DEL

Dei fem kommunane Klepp, Time, Hå, Sandnes og Gjelsdal går saman om felles luftvegslegevakt.

Luftvegslegevakta held til på Kleppetunet i Olav Hålands veg 2, i lokala til Klepp og Time legevakt. Denne legevakta er berre for personar med symptom på luftvegssjukdom som treng legetilsyn eller testing.

Pasientane vil bli undersøkte inne på legevakta eller i telt utanfor på parkeringsplassen.

Ingen skal møta opp utan å ringja først. Dei vil få beskjed om kor dei skal møta, og skal følgja skiltinga på staden.

Ordinær legevakt

Det blir gjort endringar for øvrige personar som har akutt behov for legetilsyn. Ingen ordinære henvendelsar skal skje lenger skje på Kleppe. Innbyggjarane på Jæren blir tekne hand om av dei ordinære legevaktene i Sandnes og Hå:

  • Hå legevakt undersøker innbyggarar frå Time og Hå.
  • Sandnes legevakt undersøker innbyggarar frå Klepp, Sandnes og Gjesdal.

Timebuar skal altså til Bekkeheien i Hå kommune, til liks med håbuar. Kleppsbuar skal til Stangeland i Sandnes kommune

Ikkje ring legevakta viss du er frisk!

Det er viktig å halda linjene opne for dei som er akutt sjuke eller skada.

Har du lette forkjølelsessymptom, ikkje ring legevakt, men hald deg heime.

Telefonnummer for helsehjelp

Kva gjer du viss du treng legetilsyn?

  • Kvardagar kl 08-15: Ring fastlegen din
  • Helg kl 08-23 og kvardagar kl 15-23: Ring legevakt på 116 117
  • Nattestid heile veka kl 23-08: Ring legevakta 116 117

Ingen skal møta opp utan å ringja først.

Har du spørsmål om korona, ring Folkehelseinstituttets informasjonstelefon: 815 55 015.

Artikkeltags