Hadia Tajik, nestleiar i Arbeidarpartiet, skriv på Facebook at ho er smitta med koronavirus.

Avslutter veka med positivt covid-test. Difor vart det heller ikkje ein siste tur til kongen for meg i dag. Håper ro i helga gjer at eg vert frisk, skriv den tidlegare statsråden på Facebook.

Tajik gjekk denne veka av som arbeids- og inkluderingsminister etter nyheita frå VG om at ho hadde pendlarbustad frå 2006 til 2010, basert på ein leigekontrakt ho aldri nytta seg av.

Ap-nestleiar og fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran er blitt mellombels arbeids- og inkluderingsminister.