Politiet melder på X at det har vore eit trafikkuhell mellom to køyretøy på Sikvaland.
Det skal vere to personar involvert i uhellet.
Bilane har stått midt i vegbanen, men det skal ikkje vere snakk om personskade, skriv politiet.
Begge bilane må tauast vekk.
Klokka 17.24 skriv politiet at det er manuell dirigering av trafikken på staden. Eitt av køyrefelta er opne.
Vegen blei opna igjen kort tid seinare.
Politiet melder til slutt at den eine personen har køyrt på den andre bakfrå. Den som køyrte på den andre har fått førarkortet sitt beslaglagt.