Fylkeskommunen ser på om Boreal tilfredsstiller krava knytt til løyvet på Høgsfjorden

Boreal skal etter planen starta opp igjen den private ferjedrifta på Høgsfjorden 26. juni. Ferja skal gå mellom klokka seks og 18.15 på kvardagar. Boreal fekk konsesjon på halvtimes frekvens døgnet rundt.