Det slovenske skitalentet blei i fjor juniorverdsmeister på rulleski, og deltok på Blinkfestivalen i Sandnes førre veke.
Sportssjef Arne Idland er prega etter den tragiske ulukka.
– Me uttrykker medkjensle for familien og laget hennar, og heile skimiljøet. Spesielt det slovenske. Dette er forferdeleg trist, seier Idland.
Han vil førebels ikkje spekulere i om dei skal markere dødsfallet ved Blinken til neste år.
– Dette er eit sjokk for alle oss som er involverte, seier han.
– Tragisk
Sprintlegenda Ola Vigen Hattestad er trenar for det slovenske landslaget, men har førebels ikkje ville kommentere hendinga. Han har vore trenar for laget sidan mai i år.
Det var det slovenske langrennslandslaget som gjekk ut med identiteten til 19-åringen.
– Du vil alltid vere i tankane våre. Me vil sakne dei, skreiv dei i ei pressemelding.
Noregs langrennssjef, Espen Bjervig, gav ei uttale på vegner av det norske skimiljøet i ettermiddag.
– Dette er utruleg tragisk, og våre tankar går til familien, hennar nærmaste og miljøet rundt, skreiv Bjervig i ein SMS til VG.