(Strandbuen)

– Det er nesten tomt på hyttefronten. Me har nokre tomter rundt forbi, men folk vil helst ha ei hytte dei kan bruka neste helg eller i neste ferie, seier eigedomsmeklar og dagleg leiar hos Aktiv Ryfylke, Marion Espedal.

– Det er dei brukte hyttene som er mest attraktive. Det gjeld både hytter på fjellet og hytter ved sjøen, held ho fram.

Ho fortel at det er flest byfolk som spør etter brukthytter i Ryfylke, men også ryfylkingar som er på jakt etter ferdige hytter i eigen region.

– Nå er det høgsesong for vinterhytter. Dei ryk fort. Me har eit par sommarhytte-objekt som kjem for sal før påske, men me skulle gjerne hatt mange fleire hytter for sal, peikar Espedal på.

Flest ubygde hytter og tomter

På Finn ligg det prosjekterte hytter og hyttetomter for sal på Bjørkåsen og i Buhammarvegen i Hjelmeland, i Preikestolen Hyttegrend i Jøssang, på Svines utanfor Jørpeland, i Holtaheia, på Kvalvåg og på Idse.

Det ligg fem allereie oppførte hytter ute for sal på Finn.no i Strand, og ingen i Hjelmeland, måndag ettermiddag. Ei fjellhytte i Holtaheia og ei i Fjellbergskaret ligg ute som nyleg selde.

Ei eldre hytte i Kjølevik, ei nyare familiehytte på Idse, ei fjellhytte ved Moslivatnet frå 2010, ei eldre hytte i Alsvik og ei nyare hytte på Kvalvåg.

Dei to eldre hyttene i Kjølevik og Alsvik har lege ute for sal ei stund og har blitt sette ned i pris utan at nokre av dei mange som har meldt interesse for dei har slått til.

Mange er interesserte i Idse-hytta

I Mosli i Strand kan ein framtidig fjellhytteeigar få ei 45 kvadratmeter stor hytte med båt- og fiskerett i Moslivatnet. Hyttefeltet ligg rundt 10 minutt i bil frå Jørpeland og har ei prisantyding på like under 1,4 millionar kroner.

Familiehytta på Idse ligg ved sjøen og er på 95 kvadratmeter, bygd i 2006 og har fire soverom, to stover, hagestove og båtplass med sjøbod. Den er i ein litt annan prisklasse enn fjellhytta med prisantyding på nesten fire millionar kroner.

– 35 har meldt interesse for hytta på Idse. Av desse har 12 vore på vising. Det er stort sett familiar frå Stavanger som er interesserte, fortel eigedomsmeklar hos Eiendomsmegler 1, Terje Krumsvik.

Idse-hytta blei lagt ut for sal på Finn.no førre tysdag, den 9. februar.