(Strandbuen)

Politiet meldte først om ulukka klokka 12.40 tysdag ettermiddag. I den første meldinga var skadeomfanget ukjent. Ein time seinare meldte Politiet at ein person omkom etter å ha fått eit tre over seg.

– Hendinga framstår som ei tragisk ulukke, skriv Politiet og opplyser at det skjedde under trefelling på ein privat eigedom.

Det blei gjennomført livreddande tiltak etter ulukka, men utan at det lukkast.

NRK melder at det var ein gut i tenåra som omkom.

Dei pårørande er tekne hand om av kommunen sitt kriseteam.