Eg hadde aldri trudd at eg nokon gong skulle få sjå barndomsheimen til far min sveva som eit Soria Moria-eventyrslott høgt over Simonsbakken i Norestraen på Sandnes! Var det verkeleg det same huset som farfar bygde i 1909, og som no, 3. mars 2023, hang i ein stropp frå ein kranbil?

Jo, eg kjende att byslaget som eg hadde gått ut og inn av så mange gonger både i barndomen og seinare i godt vaksen alder! Minnene strøymmer på: Trivelege søndagsbesøk til middag med heimelaga kjøtkaker og sviskegraut med krem til dessert. Etterpå var det ned til leik i den frodige frukthagen og det spanande, innhaldsrike naustet som lukta av sjø og garn.

Færingen fekk me og låna med løfte om å ikkje gjera noko dumt. Dersom veret var lageleg, blei det turar både til Luravigå og over til Rovigå på andre sida av fjorden. Var me heldige, kom nattrutebåten forbi - då var det å «ro ut i ollane».

Seinare, då me var vel vaksne, blei det mange turar om hausten for å berga årets hagebær og frukt. Det var fleire sortar av plomme, eple og pære, men særs viktig var det å få smaka av søtapalen frå treet som vaks mest ut i gata. Dette var eit tre som den kjende Simon Asbjørnsen (Simon pottemakar) hadde teke med seg frå ein av dei mange turane til heimegarden Haustveit i Sørfjorden i Hardanger.

Simon var «strandsitjar» og bygsla i 1834 ein del av straen til dei på Lura. Denne delen blei kalla Urå og var berre ei smal stripe med stein mellom vegen og sjøen. Simon sette i gong med å velta stein og fylte i med strandgrus og mindre steinar og i 1843 hadde han nok areal til å kunne setja opp ein liten potteriverkstad. Simon var ein drivande kar som i 1871 kunne føre over ei veldreven verksemd (Sandnes Potteri) til sonen Aadne i 1871.

Sonen Aadne er mest kjend som opphavsmannen til den spesielle leirgauken «Sandnesgauken» som pryder Sandnes byvåpen! Den var opphaveleg meint å vera eit leikety og eit lite reklamestunt som bl.a. ein av nevøane hans tok med på handelsferdane sine. Når jekta med steinty hadde gjort fast ved ei brygge ein eller annan stad på kysten, strøymde dei lokale ungane ner til jekta der dei fekk kvar sin gauk. Då var det ikkje vanskeleg for konene i bygda å vita at «no e han Skanche komen - me må ner og kaupa steinty!»

Aadne dreiv potteriet i mange år, men utpå 1890-talet fann han ut at det ville vera greit om neste generasjon tok over drifta. Han selde då potteriet til sønene Simon og Asbjørn. Dei to brørene dreiv verksemda saman nokre få år, men Asbjørn trakk seg ut og satsa meir på fiske og transport. Han var meir ein sjøens mann og forutan fleire mindre båtar, kjøpte han to jekter, «Finn Ogmund» og «Johan Sverdrup». Asbjørn trong plass til båtar og nøter og fekk difor kjøpa halve eigedomen Strandgata 121 av faren. Den luten fekk gatenummer 121 B.

Asbjørn blei gift i 1903 med Inger Haaland frå Jåttå og budde dei første åra til leige i det såkalla «Sælandhuset» litt lenger nord i gata. Det var ikkje berre lett for Inger som hadde det travelt med tri småborn og samstundes få noko innkome frå skreddarsaum. Tyngst var det likevel at eldstesonen Alf var født med ein alvorleg hjerneskade som gjorde at han ofte fekk epileptiske anfall med kraftige krampar. Dei trong eit hus for seg sjølve kor dei ikkje trong å ta så mykje hensyn til nære naboar. Tomt hadde dei jo allerede, så nå var det berre å finna ei praktisk løysing. Det blei eit typehus som og gjerne blei kalla «Sandnes-hus» i lafta plank. Huset var ferdig i 1909 og yngste dottera, Astrid er, etter det eg veit, det einaste barnet som er født i huset.

Det blei mange tunge tak for den unge familien, men dei var av sterkt folk og var ikkje redde for å ta i eit tak. Asbjørn hadde helst tenkt seg eit liv som sjømann, men hensynet til Alf gjorde at han helst såg seg om etter noko fast å gjera på land. Så, då jernbanen sette opp eit lite ekspedisjonshus på «Lura-stoppen» i 1916, søkte han - og fekk stilling som jernbaneekspeditør.

Norestraen var på denne tida tett busett og huset til Asbjørn og Inger hadde ofte umeldte kaffebesøk. Eg kan ennå høyra og sjå føre meg den gode summingen av naboane Ingeborg og Einar på ettermiddagsvisitt!

Historia sit i veggane - seier dei. Tru om noko av soga fekk bli med på luftferda til Strandgata 121B?

Asbjørn Simonsen (d.y.)

(Fire unger)

Den første og einaste ungeflokken som har budd fast i Strandgaten 121B

Frå venstre:

Astrid (1910 - 1954) Prestefrue i Bamle

Bertha (1908 - 1988) Diakonisjukepleier i Bergen og Fana

Alf (1903 - 1937) Heimeværande

Sevald (1905 - 1982) Lektor i Stavanger. Lokalhistoriker

(Turnaren Asbjørn Simonsen)

Husbyggaren Asbjørn Simonsen (1878-1965) var ein sprek idrottsmann. I sesongen 1899-1900 var han forturnar for herrene i Sandnes turnforening