Måndag kveld har Framstegspartiet møte for å fordele verv i gruppestyret sitt etter lokalvalet. Pressa har førebels ikkje fått noko informasjon om kvar møtet skjer, men Sandnesposten kjem tilbake med meir informasjon snart.
I mellomtida kan me stadfeste at Høgre jobbar med å spikre sine politiske verv.
Guttorm Stangeland, leiar i Sandnes Høgre, fortel at dei har sendt ut eit spørjeskjema til sin gjeng, der kvar representant kan krysse av for kva verv dei ønsker seg.
– Me skal sette saman eit forslag på gruppemøtet basert på svara. Kjønnsbalanse har vore ei utfordring tidlegare, så det er veldig kjekt å sjå at me har fått inn så mange fleire kvinner i kommunestyret, seier Stangeland.
Sjølv har han eit verv i utval for oppvekst høgt på ønskelista. Stangeland ser ikkje for seg å bli kjøpt fri på fulltid for politikken.

Holder kveldens møtested hemmelig: – Jeg kan jo ikke si det