Seint måndag kveld skriv Rogaland brann og redning på Twitter at brannmannskap frå Stavanger er på veg til Rektor Berntsens gate i Stavanger. Dei har også med seg «høydemateriell» frå brannstasjonen på Stangeland i Sandnes.

Meir info kjem, men førebels er det meld om at det er røykutvikling.

Nokre minutt seinare melder politiet at det er kontroll på staden. Ein buar i blokk har blitt undersøkt av helsepersonell, og det var sannsynlegvis snakk om tørrkoking.