Det melder Stavanger Aftenblad.

Politijurist Karen Mork stadfestar overfor avisa at endå ein person er sikta for grov kroppsskade etter knivstikkinga 31. juli.

Han blir framstilt for varetektsfengsling i morgon, seier Mork til Aftenbladet.

Mannen som blei sikta for grov kroppsskade førre veke, har seinare fått siktinga si endra til ran. Politiet melde då at det var uklart om det var nokon samanheng mellom ranet og knivstikkinga.