Av Borghild Gudmestad
– Har dere det bra? spurte duoen Karpe Diem publikum fredag.
Hender gjekk opp og ned ved scenen i Vågen. Dei som ikkje var samla ved scenen sat ved bord ved sjøen. Eller i sin eigen båt. Unge og gamle var samla saman om gratis konsert og prat. Stemninga syda ein varm julikveld.
– Dette er høgdepunktet, fortel ein engasjert gutegjeng heilt framme ved scenen. Karpe Diem «rule». Bandet hadde godt grep om publikumet.
Før konserten var det premieutdeling til vinnarane av dei ulike klassane. Ordførar Norunn Ø. Koksvik sto i bresjen for det. Marit Bjørgen som vann langrenn for kvinner kunne fortelja at det hadde vore eit tøft løp.
– Eg er veldig fornøgd med løpet, sa ho.
– Kjem du igjen neste år?
– Ja, det gjer eg nok, fortalte ho.
Tora Berger vann jaktstart skiskyting. Ho var sjølvsagt og godt fornøgd med sitt løp. Petter Nortug hamna på tredje plass i sin klasse, Ole Einar Bjørndalen på ein femte plass. Ved sida av dette var det andre namn som hamna lengre oppe blant herrene. Fullstendige resultat vil bli lagt ut når resultatlistene er klare.

e
Høg stemning



Emma Cassandra og Maren Elisabeth fekk tak i mange autografar, Emma Cassandra hadde over tjue!